Årsmøte 2026
Hjelmeland Handels- og Serviceforening gjennomførte årsmøte torsdag 19. februar 2026 kl. 19:00 på Kobbasteinen kulturgard, Randøy. Totalt møtte 21 stk. med 17 stk. røysteføre medlemmar.
Årsmøtet handsama ordinære årsmøtesaker i tråd med vedtektene. Styret si årsmelding og rekneskap for 2025 vart godkjende utan merknader, og arbeidsprogram for 2026 vart vedteke.
Det vart gjennomført val i samsvar med valkomiteen si innstilling. Følgjande vart valde inn i styret for to år: Birger Laugaland og Hilde Hauge. Elisa Hanf og Oddvar Birkemo vart valde som varamedlemmer. Tom Eiane vart vald som styreleiar for eitt år, og Birger Laugaland vart vald som nestleiar for eitt år.
Petter Gilsvik ønskte oss velkomne til Kobbasteinen og gav utfyllande informasjon om programmet for 2026. Frode Helberg orienterte om sitt nyetablerte bakeriutsal, Timmermann Bakeri, i dei gamle lokala til Pizzabakeren på Sandetorjå, med forventa opning til påske.
Kommunedirektør Janne Johnsen og kommunalsjef for samfunn og næring Geir Tørring deltok òg på møtet og orienterte om kommunen sitt arbeid og prioriteringar framover, samt dialogen med næringslivet.
Det vart eit bra møte og ein kjekk kveld med mykje god mingling under eit godt måltid middag. Me set pris på at så mange tok turen og ser nytten av å delta på årsmøtet.
Årsmøte referatet ligg nederst på sia.




Årsmøte referat
Dato: 19.02.2026
Tid: 19:00
Stad: Kobbasteinen kulturgard, Randøy
Tal røysteføre medlemmar til stades: 17 av totalt frammøtte 21
Sak 1 – Godkjenning av innkalling og sakliste
Det vart spurt om det var merknader til innkallinga eller saklista.
Vedtak:
Innkalling og sakliste vart godkjende
utan merknader.
Sak 2 – Val av møteleiar og referent
Forslag:
Møteleiar: Tom Eiane
Referent: Lene Dalaker
Vedtak: Godkjende utan merknader
Sak 3 – Styret si årsmelding for 2025
Årsmeldinga vart presentert av tom Eiane
Det vart opna for spørsmål og merknader.
Merknader: Ingen
Vedtak: Årsmeldinga for 2025 vart godkjend utan merknader.
Sak 4 – Rekneskap for 2025
Rekneskapen vart lagt fram av Ellen Mari Fosså
Resultat: Underskot ordinær drift: kr 375,81
Renteinntekter: kr 755,00
Årets overskot: kr 379,19
Merknader/spørsmål: utan merknader.
Vedtak:Rekneskapen
for 2025 vart godkjend.
Sak 5 – Revisor sin rapport
Revisorrapporten vart lagt fram.
Vedtak:
Revisorrapporten vart teken til orientering.
Sak 6 – Fastsetjing av medlemskontingent
Styret sitt forslag: Uendra ifht. 2025
Eventuelle motforslag: Ingen
Sak 7 – Val
Valkomiteen si innstilling vart presentert av Anita Topp Sandvik
Val av styremedlemmer (2 år): Birger Laugaland og Hilde Hauge
Val av varamedlemmer: Elisa Hanf og Oddvar Birkemo
Val av styreleiar (1 år): Tom Eiane
Val av nestleiar (1 år): Birger Laugaland
Valresultat (stemmetal ved behov): Einsamd
Sak 8 – Godtgjersle til styre og revisor
Forslag: Uendra ifht. 2025
Vedtak: Godkjend
Sak 9 – Vedtektsendringar
Forslag til vedtektsendringar vart lagt fram.
Kort omtale av endringar: Forslaget om endringar vert trekt av styret før årsmøte, kort redegjøring om kvifor
Vedtak (2/3 fleirtal krav): Ingen
Stemmetal: NA
Sak 10 – Arbeidsprogram for 2026
Arbeidsprogrammet vart presentert av Tom Eiane.
Innspel frå årsmøtet: Ingen
Vedtak:
Arbeidsprogram for 2026 vart vedteke.
Sak 11 – Innkomne saker
Ingen inkomne saker
Sak 12 – Kommuneadministrasjonen presenterer
Representant frå kommunen: Janne Johnsen- Kommunedirektør og Geir Tørring Kommunalsjef samfunn og næring.
Kort samandrag av presentasjonen: Kommunedirektøren gjorde greie for situasjonen når det gjeld plan og vedlikehald av vegar og kommunale bygg, og kva kommunen står framfor i åra som kjem med tanke på innbyggjartal, økonomi og forvaltning.
Kommunalsjef for samfunn og næring presenterte seg, då han nyleg har teke til i stillinga. Vidare orienterte han om korleis han ser på rolla og mandatet sitt overfor næringsdrivande. Han var tydeleg på at han ønskjer å vere på tilbodssida og bidra på best mogleg måte med støtte og tilrettelegging for næringslivet, særleg innan plan og økonomi.
Han informerte òg om at ansvarsområdet hans har vorte råka av betydelege innsparingar og store kutt i komande budsjettår.
Kommunen sine satsingsområde er reiseliv og kortreist, lokalprodusert mat. Dette vart løfta fram som viktige næringar for å bidra til auka reiseliv og vekst i innbyggjartalet. Det vart stadfesta at kommunen òg i år vil vere bidragsytar til arrangement, og ikkje minst til Gladmat.
Det vart samstundes lagt tydeleg vekt på at det ikkje er kommunen si oppgåve å drifte og ha ansvar for slike arrangement, og næringsaktørane vart difor inviterte til å auke sitt bidrag i gjennomføringa i framtida.
Spørsmål/innspel frå årsmøtet: Kan straumstøtte ordninga til næringsdrivande, som blei vedteke i 2022, gjenopptas.? Kort svar at dette var ei politisk avgjere, men mogligheitene for dette var små.
Sak 13 – Avslutning / ordet fritt
Innspel: Petter Gilsvik frå Kobbasteinen kulturgard presenterte seg sjølv og arbeidet deira, samt programmet for 2026, som enno ikkje var heilt spikra. Det ligg likevel an til mange spanande aktivitetar, mellom anna fleire føredrag som står på programmet.
Frode Helberg presenterte planane sine om oppstart av bakeri med utsal i dei tidlegare lokala til Pizzabakeren i Sandetorgå. På sikt vil det òg bli utsal av lokalproduserte varer frå lokale produsentar. Planen er bemanna utsal fram til om lag kl. 16.00, og deretter sjølvbetent løysing fram til om lag kl. 22.00. Målet er opning rett før påske.
HHSF presenterte den nye nettsida si, med gjennomgang av struktur, innhald og funksjonalitet. Det vart orientert om målsetjinga med sida, og korleis ho skal nyttast som informasjons- og kommunikasjonskanal for medlemmene og andre interesserte. Nettsida skal bidra til betre synlegheit, enklare tilgang til informasjon og ei meir samla framstilling av aktivitetane i foreininga
God drøs rundt borda og god stemning
Sak 14 – Bespisning
Årsmøtet vart avslutta kl. 20:15