HHSF markerer 10-årsjubileum!
Hjelmeland Handels- og Serviceforeining fyller 10 år i 2026
No er programmet for jubileumskvelden klart!
Det blir servert middag med dessert frå Smaken av Ryfylke, og me får ein kveld fylt med inspirasjon, spanande historier og musikalske innslag.
Me får besøk av Tor Øystein Kleppa frå Rogaland Sparebank og Laila Steine frå Næringshagen i Ryfylke, som vil dele kunnskap og perspektiv på næringsliv og utvikling i distrikta.
Me får òg eit spennande føredrag og innblikk i jakta på den sjette sølvringen, ved Haldis Nilsen frå Hjelmeland kommune og Henning Gilje frå Sanden Media. Dei vil i tillegg vise oss eit unikt filmklipp frå dei førebelse opptaka til dokumentaren.
Alt dette blir krydra med muntre tonar frå musikar-duoen To eldre herrer – Anders Smith og Peter Sigmundstad.
Dato: 16. november kl. 18.00–21.00
Stad: Smaken av Ryfylke
Me ber om påmelding innan 9. november til
ellen@rogalandsparebank.no
Me håpar mange har høve til å delta og feire 10-årsjubileet saman med oss!
Velkomen!
