Nyopning av Rogaland Sparebank
19.03.2026
Gratulasjon til Rogaland Sparebank
Vi gratulerer vår lokale bank, Rogaland Sparebank, med offisiell opning av dei rehabiliterte lokala. Banken er den same, men framstår no lys, moderne og innbydande for både kundar og tilsette. Vi ønskjer alle tilsette lukke til i dei nye omgjevnadene. Banken håpar at både gamle og nye kundar tek turen innom for ein prat. Her er nokre bilete frå dagen i dag, då alle var hjarteleg velkomne innom for å feire saman med banken.





