RyFest nærmar seg – og HHSF inviterer medlemsbedriftene med på laget! 🎉
Også i år stiller Hjelmeland Handels- og Serviceforening med stand under RyFest. Som medlemsbedrift i HHSF får de høve til å nytte standen utan kostnad og presentere verksemda dykkar for dei som besøker festivalen.
Vi har bestilt telt og forventar å få plassen mellom kommunehuset og kaikanten, slik som i fjor. Det vil vere mogleg å få tilgang til straum, mellom anna for bruk av kaffitraktar, vaffeljern eller anna enkelt elektrisk utstyr.
Interesserte bedrifter bør vere raske med å melde seg på, då plassane blir fordelte etter førstemann til mølla. Kor mange vi kan få med, vil avhenge av kor stort areal den enkelte bedrifta har behov for.
Vi ønskjer å få plass til flest mogleg og vil, når påmeldingane er komne inn, sjå på den totale arealbruken og gjere nødvendige tilpassingar slik at vi får utnytta standen på ein god måte.
Vil di bedrift delta?
Send påmelding til hilde@feienogfjong.no innan 01.09.2026.
Vi håpar å få med mange av medlemsbedriftene våre og saman skape ein flott og aktiv stand på RyFest! 🌟